Leiarprogram for kvinner i Sogn og Fjordane

Tid: 11:00 – 23:00
Sted: Loen

Alexandra hotell

Påmeldingsfrist: 2019-06-01
Kontakt: Ann Elisabeth Tveit
Eigendel: kr 24.000,-

Innovasjon Norge vil bidra til mangfald i næringslivet og dekker store deler av kursavgifta. Du må ha tilknytning til Sogn og Fjordane for å delta på kurset.

 

Pris for heile programmet er kun ein eigendel på kr 24.000,- inkl. overnatting med frukost, middag, og lunsj begge dagane. Reise kjem i tillegg. (Ordinær pris er kr 63.000,-)

 

Søknadsfrist 1. juni 2019. Begrensa antall plassar, max 20 stk!

Vi treng mangfold og vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar. Er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, kan dette programmet vere eit godt val. Programmet er krevande og gøy. Det er energiskapande og lærerikt!

 

(Søknadsskjema finn du nederst på sida)

 

Målsetjinga er at deltakarane skal forstå seg sjølv og kompleksiteten i leiarrolla optimalt. Forventa effekt er  trygge, merksame og handlekraftige leiarar – som skapar engasjement og lønnsemd.

 

Nokre av fokusområda under programmet:

  • Korleis forstå samanhengen mellom  eige liv og den ein er som leiar?
  • Korleis forstår ein system og relasjonar?
  • Kva betydning har personlege verdiar, profesjonsverdiar og felles verdiar ?
  • Kva samaneheng har relasjonell kompetanse og kommunikasjon?
  • Kor stor verdi har di eiga merksemd i leiarrolla?

 

Programmet er forskningsbasert og teoretisk forankra frå ulike fagretningar og etter fullført kurs er målet at endå fleire modige kvinner og kvinner som forstår dei ulike samanhengane ein er ein del av.

 

Kurset er modulbaset og består av fire samlingar:

1. samling: Fortid – notid – framtid, 25. – 26. september 2019
2. samling: Innsyn gir vidsyn, 23. – 24. oktober 2019
3. samling: Heilskap, 19. – 20. november 2019
4. samling: Å forstå lite, men nesten alt likevel, 20. – 21. januar 2020

 

Gro Mykkeltvedt jobbar som bedriftsrådgjevar hjå Grow Competence Consulting og har utvikla programmet og står for det faglege innhaldet. Det vil vere dyktige føredragshaldarar og du får tett oppfølging under heile programmet.

Påmelding
Please enter your email, so we can follow up with you.