Leiarprogram for kvinner i Sogn og Fjordane


Sted: Voss

Store Ringheim hotell & restaurant

Påmeldingsfrist: 2018-12-15 23.59
Kontakt: Ann Elisabeth Tveit
Eigendel: kr 24.000,-

Innovasjon Norge vil bidra til å endre historia og dekker store deler av kursavgifta og du må ha tilknytning til Sogn og Fjordane for å delta på kurset.

Pris for heile programmet er kun ein eigendel på kr 24.000,- inkl. overnatting med frukost, middag, og lunsj begge dagane. Reise kjem i tillegg. (Ordninær pris er kr 63.000,-)

 

Begrensa antall plassar, max 15 stk!

Å endre historia krev mot, handlekraft og aksept!

Vi treng fleire kvinner i leiande posisjonar og er du allereie leiar eller har eit ynskje om å bli det, vil dette kurset vere eit godt val. Programmet er krevande, men gøy, energiskapande og lærerikt! Kurset er først og fremst retta mot kvinner i Sogn og Fjordane som er busett, arbeider og har ei form for naturleg tilknytning til fylket.

 

Dei færraste menn har noko imot kvinner, men det er likevel ikkje så enkelt å velje kvinner. Vi er ulike, og det tryggaste blir ofte velje dei som er lik oss sjølve. Å ikkje vere merksam kan få store konsekvensar. Å ikkje forstå konteksten kan auke stress og redusere effektivitet. Klokskap er eit godt reiskap!

 

Dette programmet gjer kvinner endå betre rusta til å stå i leiarrolla, og til å ta fleire leiarposisjonar i framtida og deltakarane er kvinner i leiarposisjonar eller som kan tenkje seg å verta leiar i framtida.

 

Programmet er forskningsbasert og teoretisk forankra frå ulike fagretningar og etter fullført kurs har vi endå fleire modige kvinner og kvinner som forstår den konteksten vi er ein del av.

 

Kurset er modulbaset og består av fire samlingar:

1. samling: Vi er framtida,  6.-7. februar 2019
2. samling: Purpose og handlekraft, 20.-21. mars 2019
3. samling: Den modige mannen, 23. og 24 . april 2019
4. samling: Å forstå lite, men nesten alt likevel, 11.-12. juni 2019

 

Gro Mykkeltvedt jobbar som seniorrådgjevar hjå Grow Competence Consulting og har utvikla programmet og står for det faglege innhaldet. Det vil vere dyktige føredragshaldarar og du får tett oppfølging under heile programmet.

Påmelding